HOLSEN SKULE
6819 HOLSEN
Tlf: 57 72 44 27 (admin)
Tlf: 57 72 44 28  (lærar)

BARNEHAGEN
Nøtteliten:
Tlf: 97 42 95 41
Blåmann:
 Tlf: 46 67 09 86
(SFO)
 
Til Førde kommune

Holsen skule og barnehage
er ein grendaskule 
med elevar frå 1. til 7. årssteg,
SFO og barnehage. 

Skulen er 3 - delt.
1. og 2. årssteg 
3. og 4. årssteg 
5. til 7. årssteg

SFO er samlokalisert med barnehagen.

Barnehagen har to avdelingar.

        Meir om fana

Kvar ligg skulen?

Holsen skule ligg i den austlege delen av Førde kommune i Sogn og Fjordane. Den ligg i austenden av Holsenvatnet, før du køyrer over Rørvikfjellet.

Kva skjer?

01.06.12
01.06.12

LYST PÅ LIVET     MOT TIL Å VILLE     ØNSKE OM Å LÆRE

Nyhende

DSCF2576.JPG

Tinestafett på Førde stadion

5-7.klasse var torsdag med på den årlege tinestafetten på førde stadion. Vi sprang det vi klarte og var godt nøgde etter løpet. Alle deltok med godt humør og god innsats.
10.05.2012

p1050688.jpg

Førpåsketid

I tida før påske har barna i skulen og barnehagen hatt tid til spanande aktivitetar i tillegg til det vanlege arbeidet og aktivitetane. Vi har hatt felles gudsteneste. Skuleelevane har hatt ekstra skidag og påskelunsj, medan barna i barnehagen har leita etter godteriet til påskeharen.
Les meir »   02.04.2012

dscf2526_utsnitt_2.jpg

GOD PÅSKE!

I tida før påske har det vore stor aktivitet både i skulen og i barnehagen. Vi har hatt gudsteneste med elevinnslag av høg kvalitet, det har blitt laga påskepynt både i skulen og barnehagen. I dag, fredag før påske var det felles påskelunsj for alle elevane og ungane i barnehagen leita med stor iver etter egget som påskeharen hadde gøymt Vi kjem tilbake med bilder frå aktivitetane.
30.03.2012

langeland_23_mars_2012_030.jpg

Sosial og aktiv dag på Langeland

5.7 klasse nytta høve til ein sosial og aktiv dag i sola. Vi fekk med oss to spreke mødre og la turen til Langeland. Der feira vi tre bursdagar og gjekk som galne i løypene. Alle gjekk godt over 10 km!
26.03.2012

dscf2211.jpg

Barnehagedagen 2012, Det beste for dei minste.

Første og andreklasse feira barnehagedagen saman med oss på Blåmann.
Les meir »   20.03.2012

dscf25051.jpg

Puteprosjekt i 3-4 klasse

Sjå dei flotte putene vi har laga! Sidan November har vi hatt eit prosjekt der vi har arbeida med å lage puter. Fyst broderte vi flotte blome/stjerne mønster før vi sydde ramme og bakstykke til puta. Vi er veldig nøgde med resultatet.
19.03.2012

dscf2486.jpg

Skidag på Langeland

Heile Holsen skule var måndag 5.mars på skidag. Turen vart i år som i fjor lagt til Langeland. Det vart ein flott dag for store og små.
Les meir »   05.03.2012

dscf2444.jpg

Karneval i Solheimsdalen

5-7 klasse var torsdag 1. mars invitert på karneval i Solheimsdalen. Det var Karstad skule som var arrangør. Både store og små hadde ein fin kveld.
Les meir »   05.03.2012

RSS